Re: Bremsekraftforsterkar
Lagt inn av:
Svein P. Astad (---.dialup.online.no)
Dato: August 22, 2003 11:33AM
Hei!
Dette var interessant, eg fann meg ein bremsekraftforsterkar, og den funka svært bra ei stund, men så opplevde eg akkurat det same. Eg røykla det lokale krysset der all "burning" blir utøvd, men her var det bremsekraftforsterkaren. Eg tok han av, og oppdaga at heile vakuumhuset var fullt av bremseveske, her var det noko som skurra. Eg prøvde å tette med pakningssement på ein litt slitt pakning, men i dag er bilen på EU-kontroll, så det var best å ikkje sette forsterkaren inn med ein gong. Ved prøving funka han nemleg ikkje 100%, trykket ville ikkje bygge seg opp med ein gong, kanskje grunna lite bremseveske. Får sjå på det litt seinare, i dag reiser eg på folkehøgskule, så nå skal bilen få kvile i ein garasje :-)